«Det som er
viktig for laksen er
viktig for oss».

-Elin Tveit Sveen, Marø Havbruk.

FN sine berekraftsmål

FN sine berekraftsmål har fått mykje merksemd dei siste åra. Hos Marø Havbruk er dette ein sentral del av kvardagen vår. Men i staden for å ramse opp kvart eit mål vi arbeider med, vil vi heller fortelje litt om kva vi faktisk gjer kvar einaste dag for å nå opp til dei måla. Nedanfor vil vi komme med nokre eksempel på prosessar, FoU-arbeid og andre tiltak vi nyttar i kvardagen for å sikre betre fiskevelferd, liv i distrikta, mindre utslepp og vårt generelle ansvar.

Berekraftig fôr for ein berekraftig laks

For at du skal ete sunt og næringsrikt, må fisken du et, gjere det òg.

Som medlem i Salmon Group har vi arbeida spesifikt med å løfte fram nye berekraftige råvarer. Vi har stilt krav om sirkulær tankegang og råvarerespekt til våre leverandørar. Det er tatt inn algar i fôret og lagt vekk dei varene som må fraktast langt og som legg press på naturlege ressursar. Vi har mellom anna ingen soya frå Brasil og vi har auka utnyttinga av marine produkt. Vårt avtrykk skal være så lite som mulig og bidra til at dei som èt vår fisk kan gjere det med godt samvit. Ved bruk av dette fôret èt vår laks naturlege organiske komponentar som gjev god fiskehelse. Krava vi stiller til våre leverandørar er at fôret skal ta vare på fisken sine behov, og gje deg eit sunt og smakfullt måltid. Grunna denne omlegginga til nytt fôr har vår fisk 50% lavere karbonfotavtrykk enn anna oppdretta laks! Det er vi stolte av og laksen vår glad for.

Laser og rensefisk for lusehåndtering

Lakselus er eit lite krepsdyr som er like glade i laksen som det vi er. Denne skapningen er ei utfordring som oppdrettara langs kysten forsøker å finne ei løysing på kvar dag. I forebygginga mot lakselus tek vi i bruk to hovudmetodar. Dette har ført til at vi har vore så heldige å ha veldig lave tal av lakselus i våre merder.

Den eine metoden vi nyttar er optisk avlusning. Stingray Marine Solutions sine lasara er tatt i bruk for å drive kontinuerlig og forebyggande avlusing av laks på ein skånsom måte. Saman med E. Karstensen Fiskeoppdrett har vi 24 lasera i merdane våre, og har nytta disse sidan 2015. I tillegg til å fjerne lakselus, overvåkar dei vekst og helsetilstanden til laksen. Lurar du på korleis det fungerar? Sjå her!

Den andre metoden vi nyttar i våre merder er Rensefisk. Artane Berggylt, Grønjylt og Bergnebb er effektive til å beite bort lakselusa og har vore nytta hos oss i omlag 25 år. Med andre ord, så veit vi at dette er noko som fungerer. Difor har vi blant anna vore med på å investere i oppdrett av Berggylt.

Vi jobbar kontinuerleg med å sikre velferda til rensefisken. Ved hjelp av skjul, foring og relokering passar vi på at den trivast i merdane våre. Vi har samarbeid med 2 faste fiskara som fiskar lokalt, og i 2020 fekk vi også rensefisk av to flotte ungdommar som hadde fått seg ungdomskvote.

Disse to hovudmetodane bli supplert ved at vi kontinuerleg prøvar ut nye løysingar for laksen. Nokre løysingar ein kan nevne er bruk av helsefôr, nedsenka lys og probiotika bad av yngel. Disse førebyggande tiltaka er grunnen til at vi har lave lusetall.

«Vi arbeider for betre fiskevelferd,
arbeidsmiljø og nærmiljø kvar dag»

Miljøbøye

I 2019 fekk vi plassert miljøbøyer på 2 lokalitetar. Dette er teknologi som gjev oss kontinuerlig oppdatert informasjon om forholda rundt laksen vår. Denne bøya målar mellom anna oksygen i havet, straum i området rundt anlegget, temperatur og salinitet på fleire djupner. Slike faktorar er viktige å ha kontroll på for at laksen vår skal ha det bra.

Viste du at vi og har gått over til kopar-frie nøter? Tradisjonelt har kopar-nøter vore brukt for å forhindre groe. I dag testar vi om det held utan!

Elektrifiserte fartøy & Landstraum

For oss er elektriske løysingar framtida. Difor er vi medeigara i Evoy. Evoy er eit selskap som leverer verdas raskaste batteribåt. Disse båtane er perfekte framkomstmiddel og arbeidsbåtar rundt mirane våre og syter for at vi kjem oss rundt utan utslepp av fossile drivstoff.

I 2010 fekk vi lagt ut landstraum til lokasjonen Langeråa og i 2018 til Marøytåa. På lokasjonen Grunnsøya, var det både krevande og kostbart med landstraum så her satsa vi på nest beste løysing med batteripakke levert av Fjord Maritime, som drifta 20 timer i døgnet. Men takka vere støtte frå Enova fekk vi i april 2021 også kopla denne til landstraum. No er alle våre lokasjonar elektrifiserte! Dette har vore med på å redusere Co2 utsleppa våre med ca 1200 tonn. Dette er eit viktig tiltak som både vi, våre tilsette, og miljøet er glade for.

Strandrydding

Vi deltek i strandryddig som er eit iniativ i samband med Svanøy Grendautval. Kvifor? Fordi vi er veldig glade i staden vi kjem frå og vi meiner at vi alle har eit samfunnsansvar for å bidra til mindre plast i havet. Vi stillar med arbeidsbåtar til oppsamling og mindre båtar for å flytte frivillige. Vi sammarbeider òg med Fjordane Friluftsråd og støtter dei i deira arbeid.

Reine hav er bra for fisk og folk!

Redusere matsvinn

Viste du at når du et lakseburger fra Svanøy Røykeri er du med på å redusere matsvinn? Når Marø Havbruk leverar fisk til slakting, kan det være at noko av den fisken blir kutta feil eller har ein skade som gjer at den ikkje kan brukast til det formålet som var tenkt. Denne fisken har Svanøy Røykeri ein avtale på at ein hentar ut att frå slakteriet. Av denne fisken lager Svanøy røykeri utruleg gode lakseburgara!

«Er det kjærleik i maten strekk
ein seg langt for å unngå sløsing»

-Elin Tveit Sveen, Dagleg Leiar, Marø Havbruk

FOU Arbeid

Vi deltar i eit forskning og utviklingsprosjekt for auka fiskevelferd. Dette prosjektet går ut på at vi testar yngel som får eit bad i probiotika samstundes som den får vaksine mot ulike sjukdommar. Dei probiotiske bakteriane ein nyttar er funnen naturlig i laks og i sjøen. Desse bakteriane er med på å styrke immunforsvaret til laksen. Vi synes det er spennande å arbeide med førebyggande arbeid og forskning. Spesielt om det gjev god fiskevelferd.

Les meir om Previwo og Stembiont her!

Vi støttar lokalsamfunnet

Aktivitet og arbeidsplassar på Svanøy er viktig. Difor er Marø havbruk, saman med andre lokale bedrifter, bidragsytar til Svanøy Hovudgard. Denne staden er ein viktig del av norsk kulturarv. Marø Havbruk sitt økonomiske bidrag var avgjerande for at vi fekk etablert Kulturlåven ved Hovudgarden.

Vi støttar lokalbutikken gjennom eigarskap for å oppretthalde denne viktige aktiviteten for øya.

Marø havbruk sponsa i 2020, 1,5 millionar til vegen frå Marøya til hovudvegen på Svanøy. Ei investering vel verdt samfunnsnytta både for bedrifter, bustader og hytter.