«Svanøy er viktig for oss.
Det er her vi har arbeidstaden vår.
Det er her vi bur».

Elin Tveit Sveen, Dagleg Leiar, Marø Havbruk.

Ein spesiell stad på kysten

Lengst sør i Kinn kommune ved innløpet til Førdefjorden, ligg øya Svanøy. Frodig, vakker, skogkledd og omgitt av hav – ikkje rart den er kjent som Sunnfjords perle.

Med nydeleg sandstrand, badeaktivitetar, flotte turløyper og eit rikt kunst- og kulturliv, er øya ein fantastisk plass å besøke både for store og små.

I sommersesongen er butikken og kroa open til langt utpå kvelden, og du kan nyte lokalprodusert mat og uteservering. Når magen er fylt, kan du leige sykkel og oppleve den spennande øya.

For å komme deg hit, kan du ta eigen båt eller rutebåt frå Florø. Med andre ord er Svanøy heilt innan rekkevidde, tross plasseringa ute i havgapet.

Eit yrande næringsliv

Svanøy er staden vi kjem frå og staden ein finn Marø Havbruk og Svanøy Røykeri.

Her er det omlag femti fastbuande, og dei to styste arbeidsplassane er fiskeoppdretta Marø Havbruk og Svanøy Havbruk. Saman med Svanøy Røykeri gjev dei 25 heilårs arbeidsplassar på øya.

Svanøy er ein stad der ein kan oppleve mykje og nyte den fine naturen. I tillegg til Stiftinga Norsk Hjortesenter og den historiske hovudgarden med overnattingsmoglegheiter, er øya ei perle med fleire aktivitetar ein kan nytte. 

Denne frodige øya gjev oss ein perfekt stad å bu og optimale forhold for laksen vår. Den gjev oss óg særeigne ingrediensar du kan finne igjen i Svanøy Røykeri sine produkt. Prøv gjerne den Porsmarinerte røykelaksen, med Pors plukka berre meter frå røykeriet. 

Historiske Svanøy

Like fullt som øya er vakker, bær den óg ei spennande historie.

Svanøy har i over tusen år vore hovudsete for rike og mektige menn, kor det starta når vikingkongen Eirik Blodøks blei født her på 900-tallet. Han hadde oppveksten sin her på øya, før han ble sendt ut på tokt og plyndring som tolvåring.

I forrige århundre var øya det viktigste senteret i regionen, med stor aktivitet på eksport og skipsfart. Det blei bygd skip og drive storgård. Navnet Svanøy har øya fått etter biskop Hans Svane som eigde Svanøy Hovedgård på 1600 tallet.

Etter reformasjonen blei Svanøygodset konge og adelsgard. I 1804 kjøpte Hans Nielsen Hauge gården, og den ble base for haugianerne på Vestlandet. Den herskapelige hovedgården har i dag vore freda i snart 100 år og er tilgjengeleg for selskap og overnatting.

På begynnelsen av 1900 tallet arbeida opp til 100 mann i koppergruvene på Svanøy.

Les mer om den spennade historia til øya her