Bli betre kjend
med oss
Kven er vi?
Marø Havbruk er eit familiedrive selskap, med seks tilsette. Vi har dagleg nærleik til fisk og produksjon, og vi er sikker på at akkurat det har mykje å seie for sluttproduktet på din tallerken.
Elin og Trond fekk konsesjon i 1986 og etablerte Marø Havbruk. I dag har Marø havbruk to konsesjonar på oppdrett av laks og har fisken symjande rundt på 4 lokalitetar. Det tilsvarar omlag 2500 tonn laks, noko som gjev 20,5 millionar middagsporsjonar årleg. Det er vi stolte av.
Det er mykje som har enda seg sidan oppstart i 1986, både lokalitetar, drifta og folka. Men vi har alltid brydd oss om fisken vi produserer. Sjølv om vi er eigara av bedrifta så er vi på merdkanten og arbeider med fisken til dagen, saman med våre dyktige tilsette. Kvar dag er vårt fokus å syte for dei beste vilkåra for laksen vår og finne gode løysingar. Fiskeoppdrett er med på å produsere animalsk protein med lågt klimaavtrykk, dette er mat til ei veksande verdsbefolking. Difor meiner vi at fiskeoppdrett kan være ei løysing på nokre av klimautfordringane ein står ovanfor i verda i dag. Les litt om korleis vi arbeider under «vårt ansvar» her.
«Vårt engasjement skal sikre
arbeidsplassar og aktivitet i distrikta»
Samdrift
Som eit mindre familieselskap innan oppdrett er vi avhengige av samarbeid med andre for å sikre optimal drift.
Sidan 1996 har vi på Marø havbruk hatt samdrift med
E. Karstensen Fiskeoppdrett, som òg er eit familiedrive oppdrettsselskap med lange tradisjonar i Batalden, tilbake til 1973.
Dette har gjort at vi alltid har like engasjerte partnera og kunne diskutere utfordringar og løysingar med i kvardagen. Alt vi gjer rundt fisken, gjer vi saman med E. Karstensen Fiseoppdrett. Det blir det god fisk av.
Lokale ringverknader er viktig for oss
Gjennom selskapet Godfisken samarbeider vi med andre oppdretterar i regionen. Sammarbeidet sikrar oss tilgang på brønn- og beredskapsbåtar, samsundes har dette samarbeidet ført til omlag 20 nye arbeidsplassar i regionen vår.
Det er avgjerande for oss at våre investeringar er med på å bidra til lokalmiljøet. Dette både for å kunne gje tilbake og for å kunne sikre arbeidsplassar og aktivitet i distrikta, difor er vi medeigarar og medlem i ulike selskap som er viktige for oss og lokalmiljøet.
«Våre tilsette er den
viktigaste ressursen vi har»
Svanøy Røykeri
Der er ikkje sølvsagt at eit røykeri kan overleve i havgapet på ei lita øy som Svanøy. Men dette er blitt satsa på av Marø havbruk. Det å legge til rette for arbeidsplassar i distrikta og lokal verdiskaping er viktig for oss. Medan Marø havbruk blir styrt av Elin, blir Svanøy Røykeri drifta av dottera, Gro. Røykeriet nyttar seg av den gode laksen som produserast av Marø og Karstensen fiskeoppdrett, og leverer fantastisk røykelaks i ulike variantar. Ta gjerne ein tur innom nettbutikken her, eller besøk Svanøy då vel!