Bli kjend med oss

På den frodige øya Svanøy, som ligg rett utanfor Florø i Sogn og Fjordane, finn ein det familieeigde selskapet Marø Havbruk. 

Marø Havbruk blei etablert når Elin og Trond fekk konsesjon i 1986. I dag har Marø Havbruk to konsesjonar på oppdrett av laks. Det tilsvarar omlag 2500 tonn laks, noko som gjev 20,5 millionar middagsporsjonar årleg. 

Det er vi stolte av!

Sjå den fine videoen kor vi fortel litt om oss, og om dotterselskapet Svanøy Røykeri.

Les meir om oss her

Samdrift   

Sidan 1996 har Marø Havbruk drive samdrift med E.Karstensen Fiskeoppdrett, som òg er eit familiedrive oppdrettsselskap med tradisjonar tilbake til 1973.

Som eit mindre familieselskap innan oppdrett er vi avhengige av samarbeid med andre for å sikre optimal drift. Samdrifta med E.Karstensen Fiskeoppdrett har ført til at vi er fleire hovud på å løyse utfordringar saman. Det blir det god fisk av!

Eit stort ansvar

FN sine berekraftsmål har fått mykje merksemd dei siste åra. Hos Marø Havbruk er dette ein sentral del av kvardagen vår. Men i staden for å ramse opp kvart eit mål vi arbeider med, vil vi heller fortelje litt om kva vi faktisk gjer kvar einaste dag for å nå opp til dei måla. Vi vil komme med nokre eksempel på prosesser, FoU-arbeid og andre tiltak vi nyttar i kvardagen for å oppnå mellom anna betre fiskevelferd, arbeidsmiljø, liv i distrikta og mindre utslepp, med meir.

Les meir om korleis vi arbeider her!

Svanøy Røykeri

Marø Havbruk Eigedom eig Svanøy Røykeri. Vi er veldig stolte av kvalitetsproduktet som kjem her i frå. Røykeriet nyttar laks frå både Marø Havbruk og E.Karstensen Fiskeoppdrett, og blir drifta etter stor stoltheit for faget og råvarene ein produserar og bearbeidar her. Det er denne staden og handtverket som gjev den unike og spanande Svanøylaksen. Du kan få fleire kald- og varmrøykte variantar i nettbutikken til Svanøy Røykeri!

Les meir om Svanøy Røykeri her!

Følg oss

Følg oss gjerner på sosiale media om du vil ha eit nærare innblikk i livet på merdkanten.

Prosessen

Lurar du på prosessen rundt oppdrettslaks? Sjå denne informative videoen frå Sjømatrådet!